[Top][All Lists]
[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]
[ordbanken] Endring i handtering av oppføringar med mellomrom
From: |
Karl Ove Hufthammer |
Subject: |
[ordbanken] Endring i handtering av oppføringar med mellomrom |
Date: |
Fri, 10 Jul 2009 19:38:52 +0200 |
User-agent: |
KMail/1.11.4 (Linux/2.6.29.6-desktop-1mnb; KDE/4.2.4; i686; ; ) |
Eg ønskjer å gjera ei endring i måten ordbanken handterer oppføringar med
mellomrom. Slik det er no, vil eit oppslag på eit ord der det finst oppføringar
med mellomrom der dette ordet er førsteleddet gje desse oppføringane som
resultat. Eksempelvis vil oppslag på «på» gje blant anna
på rams på rams prep+subst adv @ADV
på raude rappen på raude rappen prep+adj+subst adv @ADV
på si på si prep+subst adv @ADV
på skakke på skakke prep+subst adv @AD
Eg vil endra dette slik at for eksempel «på» berre gjev grunnordet «på» og
bøyingane. Det finst to grunnar til dette:
For det første støttar ordbanken no jokerteikn og regulære uttrykk, slik at
ein lett kan finn oppføringar med mellomrom. Det var ikkje mulig før. Med
endringa kan me til og med finna *alle* oppføringar som består av fleire enn
eitt ord. Det er ikkje mulig slik ting fungerer no.
For det andre vil denne endringa gjera søket ein del raskare. Grunnen er at
eit søk utan jokerteikn no faktisk utfører *to* søk, eitt etter «ord »
(uttrykk der «ord» er førsteordet), og «ord<tab>» (berre ordet «ord» og
bøyingane til dette). I dei fleste tilfellet er søket «ord » heilt unødvendig,
og gjev ikkje nokon treff.
Nokon protestar på denne endringa?
--
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: address@hidden
- [ordbanken] Endring i handtering av oppføringar med mellomrom,
Karl Ove Hufthammer <=