ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

Re: [ordbanken] Ny lisens på Norsk ordbank


From: Erik Haugan
Subject: Re: [ordbanken] Ny lisens på Norsk ordbank
Date: Mon, 8 Mar 2010 12:23:56 +0100

2010-03-07, Karl Ove Hufthammer <address@hidden>:
> Norsk ordbank har no endra lisensvilkåra, frå GPL 3 eller
> seinare, til berre GPL 2. Eg er usikker på kva dette vil ha
> å seia for ordbankprogramvaren, som er GPL 3.
>
> I utgangspunktet vil eg ikkje ta nokon sjansar, og vil *ikkje*
> ta i bruk dei nye ordbankfilene. Ordlista er med andre
> ord «låst» til den versjonen me no har.

Eg er ingen jurist og så vidare, men Norsk ordbank er ein database, og
lisensen på databasen legg ingen føringar på lisensen til eit program
som søkjer i basen. Ein kunne til dømes distribuere databasen og
programmet separat under ulike lisensar.

Dessutan, slik eg forstår det, er ikkje Norsk ordbank eit åndsverk i
juridisk forstand, men er verna av det såkalla katalogvernet i
åndsverkslova. Dette er eit langt veikare vern enn den som gjeld
åndsverk, og mange av avgrensingane i GPL vil ikkje gjelde. Til dømes
trur eg at opphavsmannen ikkje kan leggje føringar på bruken av ein
avleidd database, dersom denne er organisert tilstrekkjeleg ulikt den
opphavelege. Om "kompileringa" ordbanken gjer er tilstrekkjeleg, skal
eg ikkje ha uttala meg om.

Erik




reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]