ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

[ordbanken] Meld frå om feil i ordbankprogrammet og fullformsordlistene


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: [ordbanken] Meld frå om feil i ordbankprogrammet og fullformsordlistene
Date: Sun, 16 Jan 2011 14:05:12 +0100
User-agent: KMail/1.13.5 (Linux/2.6.33.7-desktop-2mnb; KDE/4.5.5; i686; ; )

Eg har no lagt til eit feilrapporteringssystem for ordbankprogrammet og 
fullformsordlistene:

https://savannah.nongnu.org/bugs/?group=ordbanken

Her kan alle melda inn feil. Alle feil og ønskjer om endringar i sjølve 
programmet skal eg prøva å få gjort noko med.

Feil i fullformsordlistene kan ikkje eg/me retta opp; det må gjerast av dei 
ansvarlige for Norsk ordbank. Men det er greitt å samla informasjon om alle 
dei feila me kjenner på éin plass.

Merk at dei fleste av feila *er* meldt inn til Norsk ordbank, nokre for fleire 
år sidan, men er enno ikkje retta. Det har vist seg svært vanskelig å få svar 
frå Norsk ordbank, og sjølv om ein får svar, er det ikkje sikkert feila vert 
ordna.

Fullformsordlistene frå Norsk ordbank vart for øvrig sist oppdatert den 
4. september i fjor. Det er grunnen til manglande oppdatering av filene i SVN.
Viss/når arbeidet ved Norsk ordbank vert teke opp att, kan me visa til adressa 
nemnt ovanfor, slik at dei som kan retta ordlistene har full oversikt over kva 
som treng retting.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: address@hidden



reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]