ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

[ordbanken] Ny versjon av ordbanken snart klar


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: [ordbanken] Ny versjon av ordbanken snart klar
Date: Thu, 10 Mar 2011 22:31:17 +0100
User-agent: KMail/1.13.6 (Linux/2.6.33.7-desktop-2mnb; KDE/4.5.5; i686; ; )

Ein ny versjon av programmet «ordbanken» er på trappene. Eg vil derfor be dei 
som kan om å testa den nyaste utviklingsversjonen, som er tilgjengelig med 
kommandoen

        svn co svn://svn.savannah.nongnu.org/ordbanken/trunk

og melda frå om feil, enten her til lista eller direkte til meg.

Det er lite nytt i denne versjonen. Her er det som står i NYTT-fila:

– Lagt til eit grafisk brukargrensesnitt. Dette er
  utvikla som eit skjermelement (ein «plasmoide») i KDE,
  og er såleis berre tilgjengeleg for KDE-brukarar.
  (Bidrag til alternative brukargrensesnitt for andre
  plattformer er velkomne!) Sjå fila LESMEG for 
  oppdaterte installasjonsinstruksar.

– Oppdatert fullformsordlistene til 2011-03-10-utgåva frå 
  Norsk ordbank. Men merk at det ikkje er nokon endringar
  i desse sidan september 2010.

Merk for øvrig at det grafiske grensesnittet no *ikkje* vert automatisk 
installert, heller ikkje når ein kjører «make install». Eg håpar å kanskje få 
det med på nettsida "http://kde-apps.org/";, for enkel installering direkte frå 
KDE, men det vert i so fall *etter* at sjølve «ordbanken»-programmet er lagt 
ut i ny versjon.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: address@hidden



reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]