|
From: | Karl Ove Hufthammer |
Subject: | Re: [ordbanken] Ny versjon av Norsk ordbank |
Date: | Wed, 4 Jul 2018 11:14:53 +0200 |
User-agent: | Mozilla/5.0 (X11; Linux x86_64; rv:52.0) Gecko/20100101 Thunderbird/52.8.0 |
Karl Ove Hufthammer skreiv 03. juli 2018 16:46:
[…]Alt dette gjer at det er ein del arbeid med å tilpassa programmet Ordbanken til å kunna bruka den nye versjonen. Det er rett og slett mykje av innmaten i programmet som må skrivast om for å handtera det nye filformatet.
Eg fann ut at det som truleg ville gje opphav til *færrast* nye feil var å prøva å gjera det nye filformatet om til det gamle. Då er det ikkje mange endringar i sjølve ordbokoppslagsprogrammet, berre i alt rundt (ulike konverterings- og byggjeskript).
Det ser ut til at eg har lukkast med desse endringane. Dei som vil testa, kan lasta ned nyaste versjon frå SVN. Eg vil nok venta med å gje ut ein *offisiell* versjon til etter at eg (og gjerne andre!) har testa ein del meir.
I mellomtida kan alle kosa seg med ei oversikt over kva ord som er nye eller fjerna i denne versjonen av ordlistefilene (samanlikna med den førre, over to år gamle, versjonen). Sender desse som separate e-postar, då førre gong eg prøvde å senda alt i éin (i går), kom ikkje e-posten fram.
-- Karl Ove Hufthammer
[Prev in Thread] | Current Thread | [Next in Thread] |