ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

[ordbanken] Ny versjon av ordbanken (2018-07-05) klar


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: [ordbanken] Ny versjon av ordbanken (2018-07-05) klar
Date: Thu, 5 Jul 2018 20:41:55 +0200
User-agent: Mozilla/5.0 (X11; Linux x86_64; rv:52.0) Gecko/20100101 Thunderbird/52.8.0

Eg har no lagt ut versjon 2018-07-05 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt å slå opp i fullformsordlistene til Norsk ordbank.

Den største nyheita er ein ny versjon av sjølve/fullformsordlistene/. Det er over to år sidan førre versjon av ordlistene vart utgjeven, og det er mange endringar i denne nye versjonen, både nye ord, fjerna ord og rettingar av stavefeil og feilbøyingar.

I tillegg er det mange små forbetringar og rettingar i sjølve programmet. Blant anna fungerer det no betre på *buntu-baserte distroar. Takk til Øystein Steffensen-Alværvik for mykje testing, som avdekte fleire feil og inkompatibilitetar.

Her er ei oversikt over det viktigaste nye i denne versjonen:

 * Oppdatert til ny versjon av Norsk ordbank (versjon 2018-06-28), som
   no kjem frå Nasjonalbiblioteket. Dataformatet til ordlistefilene er
   endra og lisensen for ordlistene er endra til CC-BY 4.0. (Lisensen
   til sjølve programmet er den same som før, GNU GPL 3.)

 * Det nye dataformatet kravde mange endringar i programmet, så
   programmet er ikkje lenger kompatibelt med filer frå eldre versjonar
   av Norsk ordbank.

 * Programmet krev no «gawk», ikkje lenger eit vilkårleg «awk»-program.
   Grunnen er at andre «awk»-program (som «mawk», som er standard
   «awk»-program i Ubuntu) ikkje støttar særnorske bokstavar skikkeleg.
   (Kravet om «gawk» kan verta endra tilbake i framtida, dersom dei
   andre «awk»-programma faktisk vert POSIX-kompatible.)

 * Det grafiske brukargrensesnittet støttar no meir enn éi
   vidarefiltrering. For eksempel vil «fiksa v pr» først filtrera på
   verb («v») og så på presens/preteritum («pr»).

 * I det grafiske brukargrensesnittet får skrivefeltet fokus ved start,
   slik at ein kan starta å skriva søkjeord direkte.

 * Rulling (og vising av rullefeltet) fungerer igjen i det grafiske
   brukargrensesnittet.

 * Brukar no den nye nettadressa til Nynorskordboka og Bokmålsordboka
   ved generering av HTML-versjon av søkjeresultat (nettordbøkene er no
   hos UiB, ikkje lenger hos UiO).

 * Lagt til einingstestar for å automatisk finna feil/regresjonar i
   programmet eller ordlistene. Køyr «make test» (etter at programmet
   er installert) for å køyra testane.

 * Oppdatert Appdata-info til å bruka ny program-ID og mappe (basert på
   nyaste AppStream-standard).

 * Ymse mindre feil- og kompatibilitetsrettingar. Viss noko ikkje
   fungerte skikkeleg før, prøv igjen no! No vil det truleg fungera.

Programmet har to nettsider, heimesidahttp://huftis.org/artiklar/ordbanken/og prosjektsidahttps://savannah.nongnu.org/projects/ordbanken/.

Du kan lasta programmet ned fråhttps://download.savannah.gnu.org/releases/ordbanken/eller som ein openSUSE-pakke fråhttps://software.opensuse.org/package/ordbanken.

Som vanleg er kommentarar, tips og forbetringar hjarteleg velkomne.

--
Karl Ove Hufthammer




reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]