ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

Re: [ordbanken] Ordbanken og den nye rettskrivinga


From: Karl Ove Hufthammer
Subject: Re: [ordbanken] Ordbanken og den nye rettskrivinga
Date: Thu, 23 Aug 2012 19:23:04 +0200

må. den 06. 08. 2012 klokka 21.58 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
> Til orientering har eg fått beskjed om at nye fullformsordlister frå
> Norsk ordbank i samsvar med den nye nynorskrettskrivinga vil vera klar
> til skulestart 20. august. Eg har skal prøva å få gjeve ut ein ny
> versjon av Ordbanken-programmet ikkje lenge etter. 

Og i dag kom dei nye fullformsordlistene. Så vidt eg kan sjå, er
endringane i tråd med endringane i rettskrivinga. Formene som har gått
ut ser ut til å vera merkte med «unormert», noko som er svært nyttig.

Merkelig nok ser det ut til å henga att fire oppslagsord som er merkte
som «klammeform»:

  glide
  i glømme
  trestemd
  yoyo

Det har òg komme inn nye former merkte som «unormert», for eksempel
«dronninger». Dette er altså former som ikkje var med i dei gamle
ordlistene, og  kan vera nyttig for dei som lagar stavekontroll-
liknande verktøy. For øvrig vert ingen unormerte ord eller former 
viste når ein brukar «ordbanken»-programmet.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: address@hidden




reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]