[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]
[ordbanken] Ny versjon av ordbanken klar
From: |
Karl Ove Hufthammer |
Subject: |
[ordbanken] Ny versjon av ordbanken klar |
Date: |
Sun, 17 Feb 2013 17:18:50 +0100 |
Eg har no lagt ut versjon 2013-02-17 av ordbanken. Her er det viktigaste
nye i denne versjonen:
– Oppdatert fullformsordlistene til 2013-02-04-utgåva frå
Norsk ordbank.
– Gjort det mogleg å gruppera oppslaga etter ord og bøyings-
paradigme. Gruppering etter ord er nyttig når ein slår
opp på mange ord samtidig, med regulære uttrykk, eller når
ein slår opp på homograf. For eksempel er oppslagsordet «fly»
seks forskjellige ord – to substantiv, eitt adjektiv, to
verb (med avleidde adjektiv) og eitt adverb. Før vart resulata
for alle desse blanda.
Gruppering etter bøyingsparadigme er nyttig for ord som kan
bøyast på ulike måtar, men der ein ikkje kan blanda bøyingane.
Eitt eksempel er verbet «å strida», som kan bøyast på fem
forskjellige måtar. Merk for øvrig at med 2012-rettskrivinga
er det no lovleg å bruka såkalla blanda bøying for a- og e-verb,
slik at ein for eksempel kan skriva «brukar» men «brukte».
Dette gjeld berre slike verb; noko tilsvarande gjeld ikkje
for eksempel «stride». Merk òg at ei slik blanding ikkje framgår
av søkjeresultata når ein slår opp ord som «bruke»/«bruka».
Som standard vert oppslaga grupperte både på ord og bøyings-
paradigme, men ein kan velja å slå av éin eller begge grupperingane.
– Retta korleis oppslag på a-infinitiv vert gjorde, slik at
for eksempel oppslag på «ta» ikkje vil finna verbet «te». No
må eit e-verb ha a-varianten som mogleg infintivsbøying
for å bli med i oppslagsresultata.
– Lagt til enklare installering av KDE-skjermelementet,
samt installering av eit frittståande KDE-basert
grafisk brukargrensesnittet (som internt brukar
skjermelementet). Det siste skal vera tilgjengeleg
frå den vanlege programmenyen. Sjå fila «LESMEG»
for installasjonsinstruksar.
– Ved eksport til HTML vert oppslagsorda lenkja til
Nynorskordboka og Bokmålsordboka på nett, slik at ein
kjapt og enkelt kan slå oppp i definisjonane til orda.
Dette gjeld òg det grafiske brukargrensesnittet (som
brukar HTML-eksporten).
– Oppdaterte openSUSE-pakkar: http://software.opensuse.org/package/ordbanken
Det finst no to pakkar, «ordbanken» og «ordbanken-kde-gui».
Den siste inneheld det grafiske KDE-grensesnittet, som
kan brukast anten som eit skjermelement på skrivebordet
eller som eit frittståande program. [Når eg sender denne e-posten,
er ikkje openSUSE-pakkane oppdaterte/publiserte. Forhåpentlegvis
rettar dette seg automatisk om nokre minutt.]
Ordbanken-programmet har to nettsider, heimesida
http://huftis.org/artiklar/ordbanken/ og prosjektsida
https://savannah.nongnu.org/projects/ordbanken/
De kan lasta det ned frå:
http://download.savannah.gnu.org/releases/ordbanken/
Som vanleg er kommentarar, tips og forbetringar hjarteleg velkomne.
--
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: address@hidden
- [ordbanken] Ny versjon av ordbanken klar,
Karl Ove Hufthammer <=