ordbanken-diskusjon
[Top][All Lists]
Advanced

[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]

Re: [ordbanken] Intransitive verb


From: Ketil Kvifte
Subject: Re: [ordbanken] Intransitive verb
Date: Wed, 03 Oct 2012 13:24:43 +0200
User-agent: KMail/1.13.7 (Linux/3.2.0-3-amd64; KDE/4.8.4; x86_64; ; )

Onsdag 3. oktober 2012 09.24.41 skreiv Kevin Brubeck Unhammer:

> > Takk for forklaring. Då veit eg at det er norma som er feil og ikkje
> > ordlistene. At -gj forsvinn er for så vidt greitt nok, men det bør anten
> > vera alltid lik infinitiv eller aldri lik infinitiv.
> 
> Det forstod eg ikkje – kva er det som skal vera lik infinitiv?
> Intransitiven og transitiven er jo to ulike oppslagsord med ulik
> tyding …
> 

Lik infinitiv er "å henga" for både transitivt og intransitivt. Ulik infinitiv 
er "å henga" for intransitivt og "å hengja" for transitivt. Eg er med på at 
ulik infinitiv er å føretrekkja, men alltid lik infinitiv er betre enn 
valfridom 
mellom lik og ulik.

> Hmm, «hengja» som intransitivt har ein dåm av hypernynorsk[1] over seg.
> Ei skriftnorm bør jo ha belegg i det brukarane skriv og har skrive
> gjennom tidene. 
Det er difor eg vil ha ein klar regel at det alltid er ulik infinitiv og eit 
oppslagsord per infinitiv. Henga og hengja bør derimot stå same stad i ordboka 
slik at det er lett å sjå kva som er kva. Det ser ikkje ut som det er for 
mange ord mellom "henge og hengje" og "henga, hengja" i alfabetet så det burde 
ikkje vera noka problem. Dersom det er eit problem bør dei visa "intransitivt: 
sjå henga" og omvendt.

> Då ville eg heller stemt for å fjerna «henga» frå
> transitiven, problemet er berre at det finst så mange som bruk formene
> «henga/søkka/legga/sløkka/knekka» i transitiv, og dei som lagar norma
> vil jo helst gjera flest mogleg til lags … 

Det er eit problem dersom språket skal verta styrt at bruk utan omsyn til 
logikk. Ein kan endra logikken for å passa med språket og bruken, men det er 
ikkje bra å fjerna logikken. Norsk har ofra for mykje logikk gjennom 
samnorskperioden. Det vart endå verre med 2012-reforma då dei fjerna lite 
brukte formar som passa saman med mykje brukte formar. 



reply via email to

[Prev in Thread] Current Thread [Next in Thread]